8. Mai Fredsmarkering

Kvart einaste år den 8. mai sidan 1995, uansett ver, har det vore fredsmarkering Selsøy i Austrheim kommune.

Fredsmarkeringa i Selsøy har vorte ein festdag i Austrheim.

Det er fast program med flaggheis kl 08.00. Skyssbåtane startar frå Langøykaien om lag kl. 0930, og det er ikkje uvanleg med opp mot 250 frammøtte. Programstart kl. 1100. Fanfare, musikkorps, songlag, velkommen ved Neptun Seniorklubb, ute gudsteneste, hovudtale, helsing frå ordførar, innslag med elevar frå Kaland og Årås Skular, kranslegging ved minneplata, og til slutt syng me «Ja vi elsker».

Ofte deltek det representantar frå Forsvaret, Marinen og ikkje minst KNM Hitra på arrangementet.

Alle som ynsker det er velkomne på Selsøy, også den 8.mai.


8. mai 2020
8. mai 2020
KNM  HITRA
KNM HITRA