Leirvåg Minnestad
 

Tekst frå Informasjonstavla i Leirvåg.

Samuel (Sam) Lervåg, 1906 -1987

Samuel var kontaktmann og sentral i motstandsarbeidet. Saman med Nils Lervåg og Henrik Mongstad frakta Samuel flyktningar ut til ventande båtar for vidare transport til Shetland. Dei tre tok òg i mot agentar og utstyr. Etter krigen var Samuel

ordførar i Austrheim i 26 år.

Alvilde (Vilda) Lervåg, 1909 -1985

Vilda var kona til Samuel. Ho gav husrom og mat til mange flyktningar gjennom krigen. Ho innreia ein gøymestad på loftet med den risikoen det innebar. Det var hendingar der flyktningar var gøymde på loftet og tyske soldatar banka på.

Edvardine (Dina) Myklebusthaug, 1889 - 1949

Dina var styrar på telefonstasjonen på Fonnes. Der fanga ho opp mange viktige beskjedar ved å lytte til tyske samtalar. Desse vidareformidla ho til Samuel Lervåg og heimefronten.

Nils Lervåg, 1914 - 1983

Nils budde på Mongstad og hadde motorbåt som han, saman med Samuel og svogeren Henrik, nytta til transport av flyktningar, agentar og utstyr. Dei utførte mange farefulle oppdrag i distriktet.

Bautaen i Selsøy

På bautaen i Selsøy finn de bilete av (frå øvst til venstre): Karl Nesfossen, Odd Rongevær, Eivind Viken, Samuel Lervåg, Rasmus Krossøy, Olaf Rongevær, Nils Due, Nils Lervåg og Henrik O. Mongstad.

Om Selsøy

I Selsøy vart det i slutten av juli 1944 oppretta ein observasjonspost med kodenamn RISOR II. Målet med stasjonen var å observere og melde frå til England, all trafikk langs kysten, både nordover og sørover.

Vebjørn Sand og Roseslottet

Vebjørn Sand har skapt Roseslottet ved Frognerseteren i Oslo. Det et Vebjørn Sand som har måla portrettet av Henrik O. Mongstad og alle portretta på Bautaen i Selsøy. Roseslottet inneheld ei imponerande samling kunstverk. Blant anna har Vebjørn måla to måleri av Nora Hauge og eit portrett av Henrik O. Mongstad. Måleria er å finna i Roseslottet.

Henrik O Mongstad, 1920 -2020.

Henrik kom i kontakt med motstandsrørsla alt våren 1941, medan han budde på Austlandet. Våren 1942 flytta han tilbake til Mongstad og vart verva inn i etterretningstenesta som kontaktmann for norske styrker i Storbritannia. Siste krigsåret var han knytt til Secret Intelligence Service(SIS) sine radiostasjonar i Nordhordland. Saman med Samuel og Nils var Henrik involvert i å frakte flyktningar ut for vidare transport til Shetland. Dei tok i mot agentar og krigsutstyr.

Johannes J Mongstad, 1919 – 1943.

Johannes reiste 15. september 1941 frå Manger til Shetland. Han kom raskt i aktiv teneste i marinen. Johannes vart såra under eit MTB-tokt på norskekysten sommaren 1943 og døydde av skadane. Grannar og kjende sette ein gravstein på Johannes si grav. Denne gravsteinen er endra til bautastein og flytta hit.

Desse namna er nemnde. Lokalsamfunnet minnest og takkar alle andre som ytte ein viktig innsats gjennom dei tunge krigsåra.