Om Selsøy og RISOR II

På Selsøy vart det i slutten av juni 1944 oppretta en observasjonspost med kodenavn RISOR II. Målet med stasjonen var å observere og melde frå til England, all trafikk på sjøen, både nordover og sørover, langs kysten vår.

Stasjonen var i drift fram til 23. desember 1944. Då kom det melding om at tyskerane kjende til stasjonen og det vart bestemt at stasjonen måtte evakuerast.

Dei som var tilknytta stasjonen og deira familiar, totalt 13 personar i Rongevær, gjekk frå heimane sine litle julafaftan 1944, og vart evakuert med KNM Hitra til England.

Våren 1994 byrja arbeidet med å byggje oppatt hytta i Selsøy. Neptun Seniorklubb har lagt ned eit utal timar med dugnad for at vi dag kan ynskja dykk velkomne til eit fint anlegg på Selsøy.


Festplassen
Festplassen
Observasjonpost
Observasjonpost